Gjennom to tunneler - da kommer du til Rennesøydagen

Det blir helikoptersightseeing rundt Rennesøyhodnet, veteranbilar og veteranskuter, internasjonal mat, gratis tatoo for alle barn sponsa av bondelaget og såpebobleshow.

Jostein Reianes frå Mosterøy er ein av fleire som skal stilla på Rennesøydsagen med gamle glis. Dette er ein Mercedes SL frå 1965. Tina Nådland (t.v.), Bjørg Vestbø, Anny Hatlen og Rebecca Egeland frå komiteen gledar seg til arrangementet i helga. Foto: Rune Nedrebø, Øyposten
  • Rune Nedrebø, Øyposten
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

MARKEDSDAG: Dette er noko av det som står på programmet når Rennesøydagane går av stabelen i helga.

Det er tre år sidan sist, og nå gledar komiteleiar Tina Nådland seg til at bygda endeleg skal få sin eigen bygdedag igjen. I 2019 var det 1000–1500 innom dagen, og Nådland og resten av komiteen håpar på minst like mange i år.

-Me ynskjer også våre gode naboar i nord, finnøybuen hjarteleg velkomne. Dei kan fortsetja tomatfesten i Vikevåg, lokkar festivalsjefen i Rennesøy.

Det blir rundt 60 utstillarar med overvekt av bedrifter, men også mange lag og organisasjonar i kommunedelen. Frå Finnøy kjem den duftande herligheten «Cindys Foodtruck» og Kaihuset stiller med Finnøy-spesialiteten «Gongkaker». I tillegg skal Øyposten ha eiegn stand.

Baccalao og gongkaker

Kystlaget i Rennesøy skal laga baccalao, mens lokale representantar frå det eritreiske, somaliske og syriske miljøet i Rennesøy har gått saman om å by på eksotiske rettar frå fjerne himmelstrøk.

Veteranbilmiljøet på Mosterøy stiller, og Jostein Reinaes håpar at det blir rundt 10 veteranbilar. Den eldste bilen er ei folkevogn frå 50-talet.

Sjølv har han ein vinraud Mercedes frå 1965, som lenge før bilen kom til Mosterøy, farta rundt i hippiestaten California i USA. Bilen er eit smykke av ein bil, og marknadsprisen nå tippar han ligg rundt 700.000–800.000 kroner.

Gratis helikoptertur

Kystlaget i Rennesøy stiller opp med gamle skuter, og blant dei som legg til kai er «Restauration», som tar turen over frå Mosterøy. Det var håp om at «Gamle Rogaland» skulle frakta «byassar» inn sjøvegen laurdag, men dessverre var kaien i Vikevåg for dårleg til at det var mulig. Men tunnelen er forhåpenlegvis åpen, og då er det bare å ta turen.

Vidare blir det mulighet for helikoptersightseeing, og det skal også trekkjast ein vinnar som får ein gratis-tur med helikopteret. For dei som vil oppleva litt til, blir det dans i Østhusvik grendahus om laurdagskvelden.

Rennesøydagane startar med kulturarrangement i storstova i Kulurhuset Meieriet på fredagskvelden, kor Arnhild Sunnanå skal visa bilete og snakka om Svein Magnus Håvarstein.

Det blir også konsert med Inger Lise Hope og Arne Martin Aandstad. Søndag blir det tur i utvalgte kulturlandskap på Dale, med utgangspunkt frå parkeringsplassen på Sel. Botanikar Audun Steinnes vil vera guide, og det blir gratis parkering.

Komiteen for Rennesøydagane: Rundt bordet frå venstre Linda Lilleheim, Helene Birkeland, Jon-Tore Helland, Bjørg Vestbø, Anny Hatlen, Tina Nådland, Rebecca Egeland og Terje Øvrebø. Foto: Privat
Publisert: