TRAFIKK: Påskeferien nærmar seg slutten, og vegtrafikksentralane forventar mykje trafikk 1. og 2. påskedag. Råda deira er å følgje med på nyheitene og berekne god tid.

– Det vi har sett tidlegare år er jo at den største heimfarten er 1. påskedag. Det vil fordele seg på første og andre dag, seier trafikkoperatør Tone Sorken i Vegtrafikksentralen aust.

Det er særleg på europavegar og riksvegar inn mot storbyane ein forventar ekstra trykk.

Det er venta forholdsvis gode vêrforhold i mesteparten av landet. Beskjeden frå vegtrafikksentralane til trafikantane er klar:

– Sjekk vêr- og føreforhold. Følg med på nyheitene, og ta det med ro. Du kjem heim, seier trafikkoperatør Erlend Nilsen i Vegtrafikksentralen midt.

– Pass på at du har full tank eller batteri, tilpass farten til forholda, og ver rett skodd, seier Kjetil Gjøn i Vegtrafikksentralen vest.

– Jo tidlegare du reiser, jo betre, seier Sorken.

(NTB)