Dette eksemplet ble ikke brukt, men er hagen ved Solbakken sykehjem. Heller ikke her klippes det med jevne mellomreom - KAN det virke som. Bildet er tatt i går ettermiddag. Foto: Per Thime

LESERBREV: Tidleg i går la redaktøren ut ei sak med bilete av mange rabattar langs vegar og offentlege bygg som han meiner er overgrodde og ikkje tek seg bra ut.

Kommunen og fylkeskommunen kan sikkert svara for seg, men eg følte trong til å skriva dette:

Det kan jo tenkjast at det i desse innsparingstider har det noko med ressursmangel å gjera. Men i alle høve er det slik at i heile vår og føresommar har naturverninteresser og andre stadig vore ute i media og minna på kor viktig det er å ta vare på insekta våre, og spesielt dei pollinerande.

Desse er eit viktig grunnlag for vår eksistens.

Ei sentral oppmoding til folk flest har vore å utsetja klypping av plenar og rabattar til ulike vekstar er avblomstra. Ulike blomar, også det me kallar ugras, inneheld viktig nektar og kanskje blir det litt honning av det. Og i alle høve syter insekta for pollinering av frukt og bær, og mange andre vekstar.

Kanskje er desse sterke oppmodingane om utsett klypping også grunnen til at ulike rabattar på kommunal og fylkeskommunal eigedom nå har vokse godt, og blømer.

Viss dette ikkje er grunnen, har likevel desse offentlege etatane gjort ein innsats for insektene. Då toler me å sjå litt høgt gras og ville vekstar bløma.

Med hilsen

Dag Raustein

Dag Raustein med leserbrev. Foto: Per Thime