LESERBREV: Matvaresituasjonen og tryggleiken i verda er nå meir uviss enn på svært lenge. Tørke, flaum og andre klimautfordringar har siste året råka store område i verda, og me kan venta meir av det same dei komande åra. Den fæle krigen i Ukraina gjer at me må tenkja nytt i høve til tryggleiken i verda.

Me kan ikkje føla oss trygge på at me i Norge, med alle våre pengar, får kjøpa all maten me treng til ei kvar tid. Krigar tilbake i tid dokumenter det på ein skremmande måte.

La to tal vera sentrale. Det eine, me har ein sjølvforsyningsgrad som rekna på gunstigaste måte ligg mellom 40 og 45%. Det andre, etter 2. verdskrigen er det bygd ned meir enn 40 000 dekar jordbruksareal på Jæren, meir enn halvannan gong totalarealet i Randaberg, eller meir enn heile jordbruksarealet i Sola.

Internasjonale, truverdige organisasjonar, reknar med at det for tida er minst ein milliard menneske som svelt eller er underernærte. Sjølv om me i Norge for tida har nok mat, må me tenkja solidaritet med dei som ikkje har det, og produsera så mykje me kan i eige land.

Jordbruksareal skal ikkje lenger nyttast til andre føremål enn matproduksjon. Dette gjeld også Jæren. Flat-Jæren er ferdig utbygd og arealplanane her må endrast radikalt. Snarast!

Jordvernforeningen i Rogaland