VISTESTRANDEN: - Den nye ismaskinen vår fekk verkeleg køyrd seg, og det fekk me og, smiler hotelldirektør Elisabeth Lied. Den 15. mai var det seks år sidan ho starta drifta av hotellet. Ventilene Viste Strandhotell saman andre entusiastiske eldsjeler. 17. mai i år hadde dei laga i stand både koldtbord, eldrefest og iskioskar. Det blei ein travel dag.

AV: Hjørdis Halleland Mikalsen, Øyposten

— Det kom over 1000 personar for å feira nasjonaldagen på Vistestranda. Me har aldri opplevd liknande. Me fekk truleg inn rundt 100.000 kroner på denne eine dagen.

Det gjorde godt etter lang tid med pandemi, nedstenging og vanskelege tider.

-Me har klart å få det til å gå rundt på eit vis, men det har vore kjipt. No er det godt å være tilbake igjen, og dette blei ein skikkeleg pangstart.

Ikkje eit vanleg hotell

Det store strandhotellet frå 1935 kan by på vanleg hotellovernatting på 24 innbydande rom med eige bad. Likevel er dette ikkje eit vanleg hotell. Dette er eit hotell i særklasse, tufta på tanken om samhald, sosial inkludering, arbeidstrening og hjelp til menneske som har vore ute i hardt vær.

Og når me først snakkar om vær. Dei to systrene veit kva det vil seia å stå i stormen. Dei vaks opp på Reilstad med ein far som drakk.

-Pappa var ein snill mann, men han var alkoholikar. Erfaringane eg gjorde meg som barn har vore ei drivkraft i livet mitt, seier Elisabeth Lied som tok dei vonde opplevingane frå barndommen og snudde om til noko godt. Ho var 16 år då ho hadde sitt første foredrag om det å vekse opp med rus, ho utdanna seg til barnevernspedagog og då ho var tidleg i 20-åra starta ho eit leirtilbod for barn frå vanskelegstilte heimar saman med Hans Jørgen Lied, som seinare blei ektemannen hennar. Nyleg kom Elisabeth ut med boka, «Godt hjem å ha det vondt i» der ho fortel korleis det var å vakse opp i ein heim der far drakk.

Også Madeleine mines barndommen på Reilstad med blanda kjensler.

- Barndommen opplevde eg som god og vond på same tid. Det er mange gode dagar og fine minne å sjå tilbake på, likevel var oppveksta prega av fars alkoholisme, seier ho.

Systrene veit korleis det kjennes å koma på skulen etter sommarferie å høyra dei andre barna fortelja om alle dei fine tinga dei hadde gjort saman med familien sin, utan sjølv å ha opplevd anna enn uro for kor mykje pappa drakk.

-Det er inga god kjensle. Me ville gje barn og unge i ein vanskeleg situasjon gode sommaropplevingar,  seier Elisabeth.

«Ventilene» blir til

Dermed blei «Ventilene» til. Først på Austlandet, deretter i ei hytte på Tau der barn og unge kom frå heile landet for å bli med på leir. Pågangen var enorm og etter kvart blei «Ventilene» ein del av Kirkens Bymisjon.

Foto: Hjørdis Halleland Mikalsen, Øyposten

-Me vaks ut av hytt på Tau og måtte setje opp brakker for å få plass til alle. Me trong ein ny leirstad, fortel Elisabeth.

Så fekk ho nyss i at hotellet på Viste stod tomt. Det viste seg å væra heilt perfekt.

-Ein ting var den nydelege plasseringa på stranda, ein annan ting var at hotellet hadde to inngongar og to fløyar. Dermed kunne me ha leir i den eine delen og ordinær hotelldrift i den andre.

I mai 2017 fekk dei nøklane til hotellet.

-Eg pleier seie at me driv eit ordinært og heilt spesielt hotell, seier Elisabeth.

Eigen hotellhund

Madeleine er har vært hotellets resepsjonssjef sidan 2019. Ho stortrivest i jobben sin.

-Dette er ein fin plass å jobba. Det skjer noko heile tida. Dessutan er det fint å gjera ein skilnad for menneske i ulike livssituasjonar, seier ho.

Ein annan ting som skil dette hotellet frå andre, er ein særdeles sjarmerande firbeint ven som lyd namnet Latte.

-Latte bur her fast. Me kallar henne berre for «Dronninga av Viste». Latte har jobba mange år som terapihund. No nyt ho pensjonisttilværets gode dagar her. Det er som regel folk her døgnet rundt, så ho har alltid selskap, seier Elisabeth.