Tor Bernhard (Frp) blir heltids politiker – sjekk alle vervene han får
Frp-politiker Tor Bernhard Harestad fra Randaberg, bosatt på Bru, har fått så mange verv at det omtrent blir en heldagsjobb som politiker i Stavanger.
- Redaksjonen
POLITIKK: – Eg blir nesten heiltidspolitikar. Eg har kome godt utav det, seier Tor Bernhard Harestad.
AV: Sigbjørn Høidalen, Øyposten
Øyposten fekk ein prat med Frp-aren frå Bru etter møtet i Rennesøy kommunedelsutvalg tysdag kveld. Møtet var det siste i inneverande fireårsperiode. I neste møte er det Harestad og borgarleg blokk som styrer.
Styrer og stell
Frå før var det kjent at Harestad blir medlem i Stavanger kommunestyre, der han òg blir nestleiar i partigruppa til Frp, og vidare at han blir leiar i Rennesøy kommunedelsutvalg. Nå har Stavanger Frp hatt møte for å fordele alle små og store verv, og då er det blitt bestemt at Harestad går inn i desse rollene, i tillegg til dei som alt er nemnd:
- Fast plass i formannskapet
- Varaplass i kommunalutvalget
- Fast plass i utvalg for utbygging
- Varaplass i utvalg for by og samfunnsutvikling
- Styreplass i Allservice AS (arbeidstreningsverksemd delvis eigd av Stavanger kommune)
- Styreplass i Bygdebladet (lokalavis delvis eigd av Stavanger kommune)
- Styreplass i Stavangerregionen Havn IKS (eigd av tre kommunar)
- Styreplass i Stiftelsen Utstein Kloster
- Styreplass i Stiftelsen Stavanger Ishall
- Styreplass i Vinterlandbruksskulen på Jæren (eigd av 13 kommunar)
- Styreplass i Stiftelsen Utleieboliger Stavanger
Samla honorar utgjer noko i nærleiken av ei normal årsløn.
Skal køyre hardt
Noko av det første Harestad vil ta tak i, og som han allereie har stilt spørsmål om i kommunedelsutvalget, er saka om ein gang- og sykkelveg mellom Hanasand og Østhusvik. Der held kommunen på med ein reguleringsplan, men framdrifta har vore moderat.
– Eg skal køyre knallhardt på i den saka, og eg trur me skal få det til. Eg har fått signaler om det, seier Harestad.
Han har òg teke opp å få redusert fartsgrensa frå 80 til 60 mellom Eltarvågen og Finnøytunnelen for å få etablert ein busshaldeplass ved Rennaren.
Harestad tek over i Rennesøy kommunedelsutvalg etter Terje Øvrebø (Sp). Øvrebø ønskte Harestad lykke til då han tysdag takka for seg etter fire år som leiar, og han fekk gode skussmål i retur.