JOBB: «Katta er ute av sekken. Etter 6 år ved Rogalands trivlegaste bibliotek, går ferda austover til Gjerstad.» skriv Rebecca Egeland på Facebook.

AV: SIGBJØRN HØIDALEN, ØYPOSTEN

– Det ligg ikkje noko dramatisk i dette, men eg syntest det var på tide å utforska andre jaktmarker, seier Egeland til Øyposten.

Ho har ei sterk interesse for folkemusikk, og det er noko av grunnen til flyttinga.

– Eg blir biblioteksjef og kulturagent i Gjerstad kommune. Jobben er litt meir kulturretta enn jobben i Rennesøy, seier Egeland:

– I Aust-Agder skjer det mykje spennande på folkemusikkfronten, og eg kjenner mange i miljøet der. Det har eg lyst til å bli ein del av.

Egeland er opphavleg frå Kvinesdal og har har jobba på Rennesøy bibliotek sidan 2018, dei siste åra som filialansvarleg. Ho bur på Randaberg med sambuar Håkon, som jobbar frilans med film og foto.

– Me flyttar til Gjerstad, men har ikkje landa bustad for oss eller jobb for Håkon. Eg trur det skal ordna seg.

Ho startar i den nye jobben 1. august og avsluttar i Rennesøy i løpet av sommaren.

Ei 100 prosent stilling som bibliotekar i Rennesøy blir lyst ut i nær framtid, etter det Øyposten skjønar.