ROGFAST: Sigmund Asmervik meiner myndigheitene har tatt altfor lett på å godkjenna eit stort massedeponi på Rennesøy.

AV: SIGBJØRN HØIDALEN, ØYPOSTEN

– Dei har hogd skog og fylt igjen ei grop som tidlegare samla vatn. Eg fryktar fare for flaum som kan øydeleggja den offentlege vegen som går på nedsida av deponiet, seier Sigmund Asmervik.

Han bur i Trondheim, men har ein feriestad i Asmervik der han er store deler av sommaren. Av yrke er han arkitekt og byplanleggjar, så han kan mykje om planprosessar.

Sigmund Asmervik er utdanna arkitekt og har lang erfaring med arealplanlegging. Foto: Privat

– Rennesøy kommune valde i si tid å droppa utgreiing av konsekvensane av denne utfylling. Det gjer meg ikkje mindre uroleg, seier Asmervik.

Ber om tilsyn

I 2017 gav Rennesøy kommune dispensasjon etter jordlova til eit deponi i kulturlandskapet vest på Rennesøy. Søknaden gjekk på å jamna ut terrenget med reine skrapmasser frå Rogfast, for både å bli kvitt massane og for å lage 30 dekar ny dyrka mark.

Rett etter at kommunen gav dispensasjon, blei dei naturlege overflatemassene i området skrella av, men så blei arbeidet med Rogfast utsett. Dumping av masser starta difor først i fjor.

Frå deponikanten rett på nedsida av den kommunale vegen til Asmarvik. Her kan det sjå ut som at vatn har funne nye vegar. Foto: Sigbjørn Høidalen, Øyposten

Asmervik bad i fjor Stavanger kommune stoppe arbeidet då han meiner dispensasjonen frå 2017 hadde gått ut på dato. I fjor haust meldte han entreprenør Stangeland Maskin til politiet då han opplevde at deponiet var uforsvarleg sikra. Politiet la bort saka. Så langt har ikkje klagene ført fram.

– Nå ber eg om at Stavanger kommune i alle fall kjem på eit tilsyn, seier Asmervik.

Avviser kritikken

Byggesakssjef Sven Norland i Stavanger kommune viser til at Rennesøy kommune gav byggjeløyve og at arbeidet blei igangsett ikkje lenge etterpå.

– Eg tek bekymringsmeldinga frå Sigmund Asmervik til orientering. Når deponiet blir ferdigmeldt, kan det bli aktuelt å ta ei synfaring, seier Norland til Øyposten.

Prosjektleiar John Olaf Østerhus i JV Implenia Stangeland stiller seg uforståande til kritikken.

– Deponiet er prosjektert på vanleg måte, og godkjente teikningar ligg hos Stavanger kommune, seier Østerhus.

Han seier det står att å fylla på kring 10.000 kubikkmeter masse, og så skal det leggjast jord på toppen. Alt skal vera ferdig innan to år slik at grunneigaren kan starta å dyrka våren 2026. Til slutt skal anleggsvegen fjernast.

Nye vatnvegar

Sigmund Asmervik strekar under at han ikkje rettar kritikk mot grunneigaren i denne saka.

– Eg er kritisk til myndigheitene som har tatt altfor lett på å godkjenne eit så stort prosjekt. Store deler av deponiet ligg innanfor det som er definert som utvald kulturlandskap i kommuneplanen, seier Asmervik:

– Me ser allereie teikn til at vatnet tek nye vegar i terrenget som følgje av den enorme utfyllinga.