LESERINNLEGG: Tidlegare høgreordførar, nå listekandidat for Høgre, Bjørn Kahrs, hadde nyleg eit lesarinnlegg om «Det undelige kommunevalget». Innlegget hans kan ikkje tolkast på annan måte enn at han er i sjokk over at to av dei fremste bedriftsleiarane i kommunen, Ove Simonsen og Bjørn Rygg, går ut med ei klar oppmoding om å røysta slik at me beheld ordførar Jarle Bø og Senterpartiet i førarsetet i kommunen. Han og partiet har gjort ein framifrå jobb ovafor næringslivet og sikra arbeidsplassar i bygda. Sjokket er visst så stort at Kahrs gløymer at dette er eit lokalval, eit kommuneval. Han nyttar lausrevne argument frå nasjonal politikk, håpar truleg på ein «Erna-effekt» og godtek ikkje at Jarle Bø har gjort ein framifrå jobb for næringslivet.

Bjørn Kahrs kjem vidare inn på kva bakgrunn kandidatane for dei ulike partia på vallistene har, Høgre er visst best på leiarerfaring. Då må eg få sagt at eg var leiar av bedrifter med frå 10 til 190 tilsette i nokre ti-år. Men eg er absolutt ikkje den dyktigaste politikaren, heller ikkje på næringsliv. Dei dyktigaste finn me blant alle dei andre kandidatane på lista vår, med ulike kunnskapar, livserfaring og tankesett. Slik er det kanskje også i Høgre.

Sist i innlegget sitt listar Kahrs opp alle grunnane til å røysta på Høgre. Men kva i all verda er det som skil desse frå alle dei andre partia nå i valkampen? Nei det er den praktiske politikken som tel, og her seier altså dei to nemnde bedriftsleiarane at Senterpartiet og Jarle Bø tronar på toppen. Anten Bjørn Kahrs likar det eller ikkje.

Dag Raustein