LESERINNLEGG: Jordvernforeningen Rogaland registrerer at kommunedirektøren følger opp eit politisk ønskje om å skaffe investeringsmidler gjennom sal av tomter. Det krev endringar i regulering av områdeplanen Sentrum øst. Jordvernforeningen anmoder Randaberg kommune på det sterkeste å legge denne prosessen med reguleringsendringer for Sentrum øst-planen i Randaberg død.

Randaberg kommune er veldig heldig at strenge reguleringsbestemmelser har ført til at det ikkje er satt i gong ei nedbyggingsbonanza i dette området endå. Det gir ei gylden anledning til å følge opp nasjonale føringer mtp jordvern.

Det er båe økonomiske, strategiske, planfaglege, omdøme-, jordvern- og beredskapsmessige grunner til å legge dette initiativet død.

Ut i frå jordvernhensyn, matberedskapshensyn, totalberedskapshensyn og ei hensiktsmessig samfunnsutvikling i regionen er det openbart at denne utbygginga aldri skal kome. Arealene som ligger i områdeplanen Sentrum-øst er blant dei mest opplagte som skal tilbake til LNF i tråd med nasjonale myndigheiters forventninger. Dei kom til tydeleg uttrykk seinast i januar i landbruk- og matministers jordvernbrev.

Me er samde med kommunedirektøren at hun svarer ut den politiske bestillinga om å kome i gong med tomtesal, truleg ønska for å få på plass naudsynt eigenfinansiering av komande investeringar. Me vil likevel minne om at kommunedirektøren tidlegare hadde tittelen rådmann og å gi politikere gode råd er fortsatt oppgåva.

Rådet burde opplagt vere å vise laværekraft. Det er meiningslaus å sette i gong ei kostbar og krevjande omregulering som truleg ikkje fører fram når einaste føremål er å få tak i små investeringsmidler litt tidlegare.

Kva planstrategiske vurderingar ligger bak å sette i gong eit så omfattande planarbeid før det nye kommunestyret har tatt stilling til planstrategien for perioden 2024-2028? Områdeplanen Sentrum øst er kommunens desidert største og mest komplekse plan. Om planen blir regulert heilt på ny eller om kommunedirektøren avgrenser endringa så vil dette uansett kreve store ressurser for å hindre at ein trør feil. Viktige bestemmelser kan falle mellom stolene slik at det oppstår smutthull med uante konsekvenser. Det er planlagt å bruke to millionar til dette arbeidet noko som tilsvarer 10 prosent av forventa inntekt på 20 millionar. I tilleg kjem kostnader for selve salet som minker utbyttet. Kommunedirektøren ønskjer å gjere mesteparten av arbeidet sjølv som betyr at to årsverk i ei planavdeling pressa på personalressurser blir satt ut av spill eller så aukar konsulentkostnader som politikerne elles har for vane å kritisere kommunedirektøren i sterke ord for. At andre betaler deler av gildet gjennom OPS gjer ikkje ressursbruken meir fornuftig.

Sett opp mot båe eit driftsresultat på snaut 30 millionar og drøye 40 millionar i renteutgifter kvart år kan dette neppe vere hensiktsmessig ressursbruk.

Det føreligger nasjonale forventninger om planvask. Planvask betyr båe å slette utdaterte planer og å revidere planer som er vedtatt basert på utdatert kunnskapsgrunnlag. På grunn av båe den aktuelle globale utviklinga som krev auka matberedskap og betre kunnskap om naturens dårlege tilstand gjelder det dei fleste areal- og reguleringsplaner. Kommunen må i sin planstrategi ha tilstrekkeleg ressurser til å få gjennomført dette arbeidet raskt. Det er blitt løyva ekstra bevilgninger øyremerka planvask gjennom klimasatsmidler og me forutsetter at kommunen har søkt Miljødirektoratet om midler til planvask. Da ville det vere uforståeleg viss kommunen samstundes bruker store deler av planleggingskapasiteten til hensiktslaus arbeid.

Det er altså merkeleg at kommunedirektøren ikkje varsler politikarne at dette omreguleringsarbeidet vil binde alt for store ressurser av ei tynt bemannet avdeling.

Så er konsekvensene av omreguleringa utelukkande negativ. Kommunedirketøren har i sitt framlegg sagt det diplomatisk at ein må vente «at det blir stilt spørsmål» ved å gå bort i frå innenfra-ut-prinsippet.

Det vil ikkje bli stilt spørsmål. Innefra-ut prinsippet er eit så vesentleg grep for å få til til riktig arealutnyttelse at båe fylkeskommune og Statsforvalteren vil fremme innsigelser når det ikkje føreligger vesentlege hensyn som tilseie ei slik negativ endring i utbyggingsrekkefølgen. Tomteverdien er allereie realiserbart etterkvart slik planen ligger. Det einaste omreguleringa kan oppnå er at realisering av 18 millionar skjer nokre år tidlegare. Det forutsetter at ønska salsbeløp nås i det heile tatt. Det er ikkje sikkert og ikkje vesentleg.

Ut over det vil kommunen i nær framtid ha eigen behov for tomter til båe kommunale boliger og ikkje minst fleire sjukeheim til ein voksande andel eldre i befolkninga. Difor er det strategisk svært lite klok å kvitte seg med tomter for å måtte kjøpe annet om ikkje lenge. Det betyr at denne saka truleg ender i departementet til endeleg avgjerd og der blir det truleg eit nei. Da er omreguleringsarbeidet bortkasta og uansett blir det ikkje sal av disse tomter i løpet av denne perioden som følge av saksbehandlingstid. For neste periode 2027-2031 er det lett å spå at kommunen og Noreg vil ha størst nytte av disse arealer som matjord og seinast da vil ansvarlege politikarar takke nei til sal.

Så er dette stikk i strid med jordvernmål. Landbruksminsiteren er tydeleg i sitt jordvernbrev og viser til totalberedskapen: «I nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 ber regjeringa om at kommunane, når dei reviderer arealdelen i kommuneplanen, vurderer om tidlegare godkjend arealbruk skal endrast av omsyn til jordvernet.[…] [D]yrka mark til utbyggingsføremål i kommunale planar som enno ikkje er realisert […] er difor eit stort potensial for å spare dyrka mark ved å tilbakeføre område frå utbyggingsføremål til landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsføremål (LNFR).» Forventninga til ei omregulering er altså at disse arealer blir tilbakeført til LNF og ikkje at dei bygges ut raskere som uheldig men kjent konsekvens av utbygging i feil rekkefølge berre få å få tak i små investeringsmidler litt tidlegare.

Det nye jordvernmålet er ikkje å sjå som ei kvote. Likevel er det naudsynt å sjå kor mykje areal som kan bli omdisponert i den enkelte kommune sett andelsmessig. Det nasjonale målet er maksimalt (!) 2000 daa omdisponering årleg av 10 millionar daa. Randaberg har 1,7 promille at landets matjord og 2 promille av landets befolkning. Som eit peikepinn kan Randaberg i snitt årleg omdisponere 3-4 daa alt etter om ein ser på det i forhold til jordbruksarealer eller befolkninga. Det krev ekstremt stor disiplin av kommunene så lenge jordvernmålet skal nås innanfor rammene av kommunal sjølvstyre.

I lys av at E39-prosjektet aleine vil rasere bort imot 400 daa matjord innanfor kommunegrensa i løpet av dei neste få åra bør kommunen stanse alt anna nedbygging.

Det burde kommunedirektøren gjere politikarne merksam på i tydelege ord.

Torsdag 7.mars er brevet frå landbruksministeren på sakskartet til kommunestyret.

Her skriv kommunedirektøren følgjande: «Kommunedirektøren mener dette er svært viktig. Den geopolitiske situasjonen i Europa og verden er i endring og matsikkerhet er nå blitt svært aktuelt. Selvforsyningen i Norge er ikke god nok i forhold til usikkerheten i verden rundt oss. Jordvern er den viktigste forutsetningen for økt selvforsyning og matsikkerhet.» Kommunedirektøren er altså samde med Jordvernforeningen.

Vidare tilrår kommundirektøren at «[b]revet fra departementene tas til etterretning. Jordvern legges til grunn for beslutninger som angår arealforvaltning i kommunen.» Kommunedirektøren føreslår altså ikkje berre å ta notis av brevet ved å ta det til orientering men faktisk leve opp til det. Difor vil me oppfordre kommundirektøren til å gjøre nettopp det og gje råd til kommunestyret om å stanse omregulering av Sentrum-Øst planen.

Skulle det mot all fornuft likevel kome så langt at omtalte arealer bygges ut fyrst skaper det ei svært uheldig situasjon. Store elles drivverdige områder låses inne mellom boligbebyggelse. Det vil vere lite hensiktsmessig å stanse vidare utbygging av området slik kommune opplagt burde ta sikte på. Å låse inn restarealer ved å bygge bustader i ring rundt er aldeles lite klok. Politikarar med eit snev av jordvern i tankene bør nekte å gå vidare med dette. Kommunedirektøren burde ut i frå faglege vurderingar rope varsku og ikkje jobbe vidare ut i frå ei rein økonomisk motivert bestilling som ikkje tek verken planfaglege, strategiske eller jordvernmessige omsyn.

Opplagt er ei slik framgangsmåte også sjølvskading for kommunens omdøme som jordvernkommune. Jordvernprisen frå 2019 for tilbakeføring av utbyggingsarealer til LNF på Grødem er ingen kvilepute men ei forpliktelse til å gjer meir.

Jordvernforeningen i Rogaland